(3 av 4 seriøse innlegg)
Mediekonvergens - ei utvikling innan teknologi og innhald i media. Dagbladet var tidlegare berre ei avis, men idag er den ei salig blanding av ulike medium. Her har det skjedd ein konvergens - altså ei samansmelting av ulike medium.
- Dagbladet kan ein også forbinde med nettstaden dagbladet.no, der ligg det også lydfilmar og videosnuttar.
Dei siste åra har ulike medium byrja og binde seg til kvarandre. Dette gjeld spesielt internett, mobil, spelemaskiner, Iphone og Ipod touch. I tillegg til dei vanlege applikasjonane som følgjer med desse media, kan ein no bruke internett på mobilar, film på spelmaskiner og internett tilbyr radio, film, tekst og diverse. Dette blir stadig meir kjent.
Bedrifter, radiostasjonar og ulike aviser gjer akkurat det same. I staden for å berre tilby sine vanlege tenester marknadsfører dei seg på andre måtar også. Mange har oppretta nettsider som dermed tilbyr tekst, lydfiler, animasjonar osv. Dei smeltar saman media for å utvide si eiga målgruppe, henge med i den moderne tida og på grunn av stor konkurranse.
Eg opplever uttrykket konvergens som noko nytt. På andre sida har samansmeltinga skjedd så gradvis at detn berre har komme naturleg for meg. Eg har stor glede av denne utviklinga. Den gjer at eg får mykje meir ut av til dømes ei nettside. Om eg leitar etter stoff til for eksempel ei skuleoppgåve finn eg meir enn berre tekst. Eg kan også finne lyd, bilde, film og animasjonar. Dette kan også kallast ein samansatt tekst.
Eg har også glede av at telefonen min tilbyr internett-tenester som gjer at eg kan kjøpe musikk og gå innpå youtube.
Kva skjer vidare?
Bedrifter, ulike produkt og nettstader kjem til å utvikle seg endå meir. Dei vil stadig prøve å tilby endå fleire applikasjonar for å få fleire til å nytte akkurat
deira tenester. Korleis og når dette vil skje kan kun tida vise. Men eg tviler på at det kjem til å ta så alt for lang tid med tanke på kor raskt media har utvikla seg det siste tiåret.
Korleis trur du media kjem til å utvikle seg?

Legg merke til blandinga av data, internett og høretelefonar. Ser du samansmeltinga? Dette er eit typsik døme på ein konvergens.